- +

Om oss

Opplæringskontoret for Byggfag blei etablert av EBA Vestenfjelske avdeling og godkjent av Fagopplæringsnemda i Sogn og Fjordane hausten 1993. Kontoret har i dag eit tett samarbeid med andre opplæringskontor innanfor Bygg- og Anlegg og vert kalla BYGGOPP, Opplæringskontor for Bygg - og Anleggsteknikk.

Vår hovudsatsing er blandt anna å kvalitetsikre at lærlingane får den opplæringa dei har rett på, pluss at vi fokuserar mykje på rekruttering til dei forskjellige faga innanfor Bygg- og Anlegg.

Vi er ei servicebedrift for medlemsbedriftene/lærlingane våre og har som hovudoppgåver:

Formidling:

  • Besøke vidaregåande skular i Fylket for å oppnå samarbeid.
  • Auke rekrutteringa.
  • Være behjelpleg ang utplassering av elevar til våre medlesmbedrifter.
  • Informere om fordelen med lærekontrakt i ei Byggopp bedrift.
  • Kunne hjelpe skulen med etterutdanning av lærarar.
  • Samarbeide med skulen om oppretting av nye klassar.
  • Samarbeide for å besøke ungdomsskular for å kunne auke rekrutteringa til byggenæringa.
  • Drive generellt rekrutterins arbeid
  • Samle inne søknader til lærlingar og formidle til bedriftene.
  • Undersøkje moglegheitene for lærlingar med tilrettelagt opplæring.
  • Halde kontakt med myndigheiter vedr. klasseoppsett.

Lærekontrakt:

  • Skrive lærekontrakt med lærling, levere/sende ut til bedrift for underskrift.
  • Sende underskrevet lærekontrakt til Fagopplæringsseksjonen, med nødvendig vitnemål og attestar om lærling/situasjon.
  • Søkje til fylket på vegne av lærlingar som treng ekstraordinært opplæring.
  • Sende godkjent lærekontrakt til bedrift og lærling. Kvar part skal ha ein original.

Oppfølging:

  • Arrangere oppstartkurs, med blant anna informasjon frå/rundt HMT, Arbeidstilsyne, brann, førstehjelp, opplæringsbok osv.
  • Utvikle, lage og levere ut opplæringsbok og lære lærlingen opp i bruken av den.
  • Arrangere samlingar fagvis og regionvis for læringane.
  • Delta på møter/samlingar for lærlingen ved behov.
  • Omplassere lærlingane til andre bedrifter for å oppfylle krava i læreplanen.
  • Ansvar for å kontrollere opplæringa.
  • Besøke lærlingane/bedriftene.
  • Skrive besøksrapport og passe på at læreplanen vert fylgt.
  • Passe på at det vert utført halvårssamtale mellom lærling og bedrifta
  • Løyse evnt. konfliktar og spørsmål frå bedrift/lærling ang. læresituasjonen.

Teori og kurs:

  • Melde lærlingen på nødvendig restteori, evnt. ikkje bestått fag frå vidaregåande skular.
  • Arrangere kurs/samlingar for lærlingen.
  • Til rette legge for kurs/samlingar for fagleg leiar i bedrift – instruktørkurs.

Fagprøva:

  • Melde lærlingen opp til fagprøve.

Byggopp er ledande innan
bygg – og anleggsteknikk
og bransjens naturlege val.