- +

Stryning beste tømrarlærling i vest Publisert: 05.12.2016 13:35

Stryning beste tømrarlærling i vest

Stryning beste tømrarlærling i vest

 

Emil Skrede frå Randabygda i Stryn er kåra til beste tømrarlærling i Hordaland og Sogn og Fjordane i 2016. Han gjekk læretida hos HS Bygg i Stryn og tok fagprøva i juni i år. No er 20-åringen fagarbeidar i firmaet, og leiar for tida eit arbeidslag i samband med Alexandra Nord-prosjektet i Loen.

 

«Årets lærling» i bygg- og anleggsbransjen på Vestlandet vart kåra då Entreprenørforeningen Bygg – Anlegg, Vestenfjelske avdeling, i helga feira at foreninga er 100 år. Helene Mjånes Berge (19) frå Åsane i Bergen, som utdannar seg i betongfaget, gjekk som første jente heilt til topps i konkurransen. Ho jobbar hos Veidekke Entreprenør i Bergen. Emil Skrede tok andreplassen totalt, men var best av dei som tek utdanning som tømrar.

 

Premien til Emil Skrede er 7.500 kroner og eit diplom som han fekk overrakt av fylkesordførar Anne Gine Hestetun og fagopplæringssjef Torbjørn Mjelstad i Hordaland fylkeskommune.  

 

Tredjeplassen vart delt av tre kandidatar som alle utdannar seg i betongfaget og skal ta fagprøve i juni neste år: Annette Skåltveit Aakre (19) frå Tvilde i Voss er lærling hos NCC Norge i Bergen. Thomas Tharaldsen Kristiansen (19) frå Fjell er lærling hos LAB Entreprenør i Bergen, medan Philip A. Pettersen (19) frå Askøy går læretida hos FM Strand i Bergen. 

 

«Ein unik lærling»

Anleggsleiaren på Alexandra Nord, Jarle Lien, har vore i byggjebransjen i 47 år, og omtalar Emil som «ein unik lærling». – Han har hatt ei usedvanleg sterk fagleg utvikling gjennom læretida. Han framstår i dag som ein dyktig fagarbeidar som kan arbeide sjølvstendig langt utover det ein kan vente av ein lærling. Han har god forståing av kva som skal gjerast, korleis det skal gjerast og kor lang tid arbeidet vil ta.

 

Best mellom 336 lærlingar

Kåringa av «Årets lærling» er gjort mellom 336 lærlingar i entreprenørbransjen i Hordaland og Sogn og Fjordane. Verksemdene nominerar deira beste kandidatar til konkurransen.

Ein jury med representantar frå BYGGOPP-kontora i Hordaland og Sogn og Fjordane, fagopplæringskontoret i Hordaland fylkeskommune og Fellesforbundet tek den endelege avgjerda.

 

Ga honnør til verksemdene

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun takka entreprenørverksemdene i Hordaland og Sogn og Fjordane for innsatsen dei legg ned for å utdanne gode fagarbeidarar. – Vi må ha stolthet rundt yrkesfag, sa ho, og understreka at alle dei fem kandidatane til «Årets lærling» er framifrå representantar for sine fag og verksemder.