- +

Byggopp vil byggje kroppar som varer heile livet Publisert: 18.09.2019 11:35

Leiar for Byggopp Sogn og Fjordane, Håkon Svoen, vil at lærlingane i bygg- og anleggsfaga skal byggje kroppar som varer heile livet

Byggopp vil byggje kroppar som varer heile livet

- I Byggopp Sogn og Fjordane har vi ansvar for 187 lærlingar i fylket. No går vi i gang med eit treningsopplegg for at kroppane deira skal vare gjennom eit langt arbeidsliv, fortel leiaren for opplæringskontoret, Håkon Svoen. Med seg på laget får dei ein ekspert med lang røynsle frå Olympiatoppen.

 

–  Det er mange krav til eit nybygg, til dømes om grunnmur, reisverk, isolering og kledning. Desse reglane må følgjast til punkt og prikke. Men dei fysiske krava for dei som skal utføre dei ulike delane av bygningsarbeidet er derimot få. Vi ynskjer å hjelpe desse unge lærlingane med trening som gjer det enklare å takle ein krevjande arbeidskvardag, både no i starten av yrkeslivet, men også når dei blir eldre, seier Svoen.

I byggebransjen, som i mange andre bransjar, er belastningsskader noko mange slit med, og som kan gjere det vanskeleg å halde fram i yrket til ein vert alderspensjonist. Men Byggopp-leiaren er overtydd om at skader på musklar og arbeidskjeder som vert utsett for store einsidige belastningar, kan førebyggjast. – Det gjeld å byggje opp sentral stabilitet, heilkroppsleg muskulær balanse og kontroll over dei fire leddkjedene: Framside, bakside og dei to utsidene.

Oppskrifta er «Funksjonell trening», der målet ikkje er å trene opp enkeltmusklar til å bli «store og sterke», men å få bevegande og stabiliserande musklar som kontrollerer leddkjedene til å arbeide og fungere godt saman.

Satsinga på å byggje kroppar som varer heile livet skal Byggopp Sogn og Fjordane gjere i samarbeid med Mathias Lilleheim. Han flytta i fjor tilbake til Stryn etter 28 år i Olympiatoppen. Lilleheim har mellom anna vore trenar for toppidrettsutøvarar som Marit Bjørgen og Therese Johaug, med fokus på idrettsspesifikk trening; ein kombinasjon av stabiliseringskontroll (kjernemusklar) og spesifikke øvingar for å betre dei ulike langrennsteknikkane. No gir han råd til «vanlege» folk om korleis dei skal trene for å ta vare på kroppen sin.

–  Vi startar på ei samling for alle lærlingane våre i Førde onsdag 25. september med eit foredrag og praktiske øvingar. Planen er å gå vidare med eit prosjekt for lærlingar som ynskjer det for å kartlegge kva utfordringar dei har i kvardagen, og å skreddersy eit treningsprogram for kvar og ein basert på prinsippa for Funksjonell trening. Til våren vil vi samle alle lærlingane på nytt for å utveksle erfaringar og repetere kva kvar og ein kan og bør gjere for å førebyggje belastningsskader, seier Håkon Svoen.

Fakta om Byggopp Sogn og Fjordane

Byggopp Sogn og Fjordane har ansvar for oppfølging av lærlingar i ei rekkje fag; dei fleste i tømrar-, betong- og røyrfaget, men óg i ventilasjon og blikkenslagerfaget, byggdrifterfaget, malerfaget, feiarfaget og taktekkjarfaget. For tida har kontoret kontrakt med 187 lærlingar over heile fylket. Opplæringskontoret vart etablert av Entreprenørforeningen – Bygg og Anlegg (EBA) og godkjent av Fagopplæringsnemda i Sogn og Fjordane i 1993. Ca 160 verksemder i fylket er knytta til Byggopp Sogn og Fjordane, med godkjenning som opplæringbedrift. Byggopp Sogn og Fjordane har kontor i Førde med fire tilsette