- +

NM for lærlingar 2018 -Gull i tømrarfaget Publisert: 14.11.2018 15:06

Joakim Skrede Skjeldestad (19) gikk av med seieren i NM for Tømrara i 2018!    

Etter 3 lange dagar med saging, snekring og hamring for Joakim, kunne han endeleg strekke armane over hovudet og kalle seg Norgesmester i Tømrarfaget 2018. Byggopp Sogn og Fjordane er stolte av å ha Joakim i sitt opplæringskontor og som lærling hos Byggsenteret Audun Hundere i Sogndal.

Med familie, lærebedrifta Byggsenteret Audun Hundere og Byggopp Sogn og Fjordane på plass som hjelp og støtte, blei dette ei fin oppleving og veldig kjekt for alle å få vere med på. Les innslag i Sogn avis her

Sogn og Fjordane representantbilde

Per Eivind Gurvin (Byggopp), Joakim og Terje Skjeldestad (Byggsenteret Audun Hundere)  forran arbeidsområdet til Joakim.

Det blei lange, heftige dagar for Joakim.  Ikke berre var det mykje folk frå heile landet innom for å sjå, Joakim måtte også diskutere og forklare dommarane kva, korleis og kvifor han gjore det han gjore undervegs. 

På bilde nedanfor er dommarane innom ein tur:
Joakim i diskusjon med dommarane

 Som de ser var det auge for detaljar i arbeidet sitt som gav Joakim seieren til slutt.  Byggsenteret Audun Hundere, der Joakim er lærling, har mykje av æra for at Joakim har blitt en tømrar som ynskjer eit sluttresultat som en kan vere stolt av. 
Vi i Byggopp er stolt av å ha Byggsenteret Audun Hundere som medlemsbedrift hos oss.  Med godt samarbeid og fokus på læringane, kan det bli fleire slike resultat også framover.   

Vi gratulerar igjen Joakim med seieren og Byggsenteret Audun Hundere, som stolt lærebedrift!

Gull i Hordaland
Under samme meisterskapet blei det gull for Byggopp Hordaland.  Trygve Skorve Haugland (19) som er lærling hos Heldal eiendom, gikk av med seier i Betongfaget.  Vi gratulerar. Les artikkel i BA her.