- +

Delte æra som «Årets lærling» i vest Publisert: 27.11.2017 09:12

Sindre Refvik (19) frå Refvik i Vågsøy og Martin Aadland Vad (19) frå Stord er begge kåra til «Årets lærling» i bygg- og anleggsbransjen på Vestlandet. Martin er tømrarlærling i Engelsen Bygg, og Sindre er tømrarlærling i UNU

 

arets laerling Sindre Refvik 2017

Kent Rune Bugjerde (UNU) , Sindre Refvik (UNU) og Per Eivind Gurvin (Byggopp)

Premien til vinnarane på 10.000 kronar og eit diplom vart overrakt av fagopplæringssjef Torbjørn Mjelstad i Hordaland fylkeskommune på eit arrangement i Bergen hos Entreprenørforeningen Bygg – Anlegg, Vestenfjelske avdeling.

arets laerlingar 2017 diplom

Frå kåringå av «Årets læring» i Hordaland og Sogn og Fjordane i 2017. Frå venstre Sindre Refvik, Martin Aaland Vad, Line Utkilen og Anja Hodneland Gjertsen. (Foto: EBA Vestenfjelske).

 Kan nå langt
Sindre Refvik får svært gode skussmål av sin arbeidsgjevar. – Han er ein av dei beste lærlingane vi har hatt, seier prosjektleiar og medeigar i UNU, Kent Rune Bugjerde. – Sindre kombinerar ein genuin interesse for tømrarfaget med gode sosiale ferdigheiter. Han har sterkt fokus på HMS og førebyggjing av skadar, og er sterk på dokumentasjon. Han er ein lærling som kan nå langt uansett kva veg han veljer vidare.

I læretida jobbar Sindre i prosjekt med tilbygg og rehabilitering. – Å verte «Årets lærling» gjer meg både stolt og glad, seier Sindre. Målet hans er å gå vidare på teknisk fagskule eller ta høgskuleutdanning for å bli ingeniør.