- +

TEK 17

FRÅ TEK 10 til TEK 17

Målgruppe:

Prosjektleiarar, anleggsleiarar, formenn og bas. Kurset passar og andre utførande som må ha kjennskap til Byggteknisk forskrift

Kursinnhold:

I føreskrift om tekniske krav til byggverk (TEK 17) vert grensa trekt opp for det minimum av eigenskaper som vert stilt til byggverk som vert oppført i Norge. Den 1. juli 2017 vart nye TEK 17 trådt i kraft, og TEK 10 vart samstundes oppheva. I dette kurset vert endringane i TEK 17 presentert, og bakgrunnen for desse. Det vil også bli gitt ei utgreiing for den rettslege samanhengen mellom plan- og bygningslova, TEK, veiledninga til TEK og Norsk Standard (NS). Ansvarsrettssystemet vil også bli handsama. Kurset vil m.a. handle om:

 

  • Bakgrunnen for endringane
  • Nye definisjonar
  • Lempelegare reglar om dokumentasjon
  • Stigningstilhøve i gangadkomst
  • Parkering
  • Krav til rømningsveg
  • Tilgjengelegheit (bod, betjeningshøgde, snurektangel, handløper mv.)
  • Krav til radonsperre
  • Krav til lyd og vibrasjonstilhøve
  • Krav til sluk
  • Sanksjonsmulighetene etter plan- og bygningslova
  • Tilhøvet til annan lovgjevning og kontraktstandarane