- +

Instruktørkurs

Dette er eit kurs som er retta mot bedriftsledarar, fadderar og instruktørar ute i bedriftene våre. 
Målet for kurset er at dei som skal ha hovudansvaret for opplæringa av lærlingane skal få med seg nokon tips, og bli kjent med opplæringssystemet som vert brukt.

Her er ting som vert gjennomgått og diskutert på kurset:

  • Krav til lærebedrifter
  • Krav til Instruktør
  • Om opplæringskontor
  • Bedrift
  • Fagopplæring
  • Litt om forventningar til lærling/bedrift og instruktørar
  • Kva skjer på lærlingbesøka
  • Gjennomgang av læreplanar/opplæringsbok og logg/Halvårsamtalen osv.
  • Mottak av lærling
  • Instruksjon og fagleg rettleiing av lærlingen            
  • Fokus
  • Kommunikasjon/Kroppspråk
  • Den gode samtalen                                    
  • Miljø
  • Læring
  • Meistring

Det vert også lagt vekt på det sosiale der deltakarane får litt tid til sosiale ting med dei andre deltakarane på kurset.
Kurset har fått gode tilbakemeldingar så heng deg på dersom du ikkje har vore med!
Ta kontakt med oss for meir info.